4 dikt fra okt.2012

Et lite knippe dikt fra okt 2012...Slik skrev jeg den gang....😀😀😀Ønsker dere en fin fin påskehelg 😀😀😀

Eg kveldar deg inn

kapslar meg ikring

vuggar deg

med røysta mi

før alt slutar

og byrjar

andast 

ein morgon

Nattsvermar

sanninga dirrar i nådelause
speglar

eg lar orda henga på
tunga saman med smaken
frå
ein kapitulert nattsvermar

kveldens fangst
forsvann ut då
teppet falt
og eg vart ståande
naken

Hudlaus

Eg ligg og skvulpar
i eit gjørmebad

du drog
med eit stille
adjø

vingekappa søv
eg i min båt
hudlaus

fangar tid 
utan meining

vaknar 
når du kjem
att

Ein kveld ein kvardag

du malar meg ein 
morgon utan 
sår og lar meg 
få merka dei 
blanke arka mine
med dropar eg finne
i redsla mi
eg synar deg heller ikkje
ein blankskuren kvardag 
utan å veksla eit framand
bilete med dei orda du
gav 
eg festar ein halv kveld
på veggen 
du er plastra inn under
dagane
av vemod

#dikt#helg #blogg #fredag #påske

Lindusen

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

lindusensperler

lindusensperler

50, Bergen

Hei! jeg er Linda opskar også kalt Lindusen. i fjor kom jeg ut med min diktbok Sy skog i meg tenn fakler overalt. Har skrevet siden 2012. Fikk endelig drømmen oppfylt om å få ut diktene. Får så mange gode tilbakemeldinger på boken. Noen dikt er personlige men de fleste kommer fra mennesker jeg har møtt eller historier jeg har lest eller mine tanker om tema Og diktene skriver seg ut fra noe som har truffet meg. ønsker å berøre dere lesere❤ kjøper du boken er du med å støtte Føflekkreftforeningen. kan bestilles på haugenbok.no eller ark ad libris på nett. håper dere koser dere med diktene.

Kategorier

Arkiv

hits